Publiserte artikler

Søkeboks

Webmaster

(Sunnhordland.no: 14.03.2014) I petanque handlar det om å komma tett på grisen og unngå nærkontakt med baksida av fru Bjørk.
 
Tekst: Jarle Kaldråstøyl
 
 
Ein kveld i veka samlast dei i den eldste og elles lite nytta ridehallen på Tyse. Vekselvis annankvar søndag og onsdag. På det meste har dei vore oppe i over 40 konkurranselystne. Det klirrar i tunge metallkuler. Frå tid til anna kjem målebandet fram. Førebels er det mannfolka som dominerer, men i den rykande ferske petanqueklubben på Stord håpar dei på at også kvinneandelen skal auka. Nemner du grisen og fru Bjørk, er det ingen i hallen som er i tvil om kva du snakkar om.
 
Må kyssa rumpa 
 
– Grisen har me eit godt forhold til. Det er den vesle trekula som vert kasta ut idet konkurransen starta. Kort fortalt handlar resten om å få dei litt større og tyngre metallkulene til å stoppa nærast mogleg denne grisen, forklarar Arild Skjæveland. Han har skrive seg inn i den lokale petanquehistoria som første leiar i klubben. – Når det gjeld fru Bjørk er det vår lokale «La Fanny». Opphavleg skal det vera ei kvinnerumpe. Vår versjon er utskore frå ei bjørk. Difor namnet. Tapar du ein kamp 0-13, må du fint kyssa fru Bjørk i alle sitt påsyn. I tillegg får du utdelt ein button der det står at du har gått på eit sviande tap, forklarar Skjæveland.
 
Klubben har alt delt ut fem slike buttons utan at nokon har droppa ut av miljøet av den grunn. – Nei, litt må me tåla for å halda oppe prestisje og tirra konkurranseinstinktet. På ei anna side kan eg nemna at min overivrige far passar på å kopiera opp og synleggjera alle resultatlister der han sjølv er gunstig plassert. Dette er berre gøy, seier leiaren, med eit stikk til pappa Helge Skjæveland.
 
Ikkje store arenakrav 
 
Petanque er ein aktivitet som ikkje set dei heilt store krava til tumleplassen. – Me vil ha grusunderlag. For tida har me flotte forhold her i ridehallen, men i mai må me ut. Då flyttar me mest sannsynleg til grusbanen ved Nysæter ungdomsskule, forklarar leiaren. Han nemner også vaskeriplanet i gamle grua på Litlabø og fleire mindre grusbanar som alternative løysingar. – Me vil ikkje mangla plass og kan dermed ta imot fleire som vil prøva ut petanque. Sidan me starta opp i januar har rundt 80–90 personar vore innom og prøvd seg. Førebels er det 42 som er betalande medlemer. Likevel er me alt mellom dei største klubbane i landet, fortel Skjæveland.
 
Ein låg profil 
 
I god tid før den lokale petanqueklubben vart skipa, hadde både Odd Kvarme og Joar Losnegård gjort seg kjende med og drive sporten. Mellom anna hadde dei fått med seg København Open som omfattar rundt 160 lag. – Ei artig oppleving, fortel Kvarme. Han kjøpte like godt inn halvtanna lass med grus og laga sin eigen bane med flaumlys heime i hagen på Hystad. – Den gjorde nytta ei stund, men etter kvart som interessa auka og fleire kom til, måtte me flytta til Grimsåsen der me fekk tilgang til større areal. Seinare fekk me låna denne flotte hallen, forklarar Kvarme.
 
Han meiner klubben bør bruka tid på å veksa inn i eit større petanquemiljø. – Det har vore snakk om å arrangera vestlandsmeisterskap. Men eg trur me gjer lurt i å ta små steg og heller prioritera klubbkampar og opparbeida rutine på den måten. Her på Vestlandet er det petanquemiljø både i Bergen og på Utsira, poengterer Kvarme. Etter ei aktiv karriere som handballkeeper, fann han nye utfordringar i kulespelet. – Fysisk fallerer me vel litt med åra, men konkurranseinstinktet endrar seg ikkje. Dermed passar denne aktiviteten perfekt. I tillegg får me ein sosial bit på kjøpet, slår Odd Kvarme fast.