Publiserte artikler

Søkeboks

Webmaster

  Stord Petanqueklubb har nådd over 40 betalende medlemmer, fått egen logo, har arrangert sitt første klubbmesterskap i både singel og skyting... og har hatt besøk av avisen. Her gjengis artikkel publisert i Sunnhordland Avis 26. februar 2014.

 

Sunnhordland Avis, 26. februar 2014

Journalist: Magne Kydland

 

32 spelarar deltok da Stord Petanqueklubb arrangerte sin første klubbmeisterskap.

Stord Petanqueklubb arrangerte laurdag sitt første klubbmeisterskap og årsmøte. Klubben vart stifta 19. desember i fjor, og vart teken inn i Norges Idrettsforbund 13. januar og organisert i Fleridrettsforbundet.

Klubben har 40 betalande medlemmer, og er med det av dei største klubbane i landet. Bergen har også klubb, og har tidlegare i vinter vore på besøk. Den største klubben i landet er Holmestrand, som har 93 medlemmer.

I klubbmeisterskapet stilte 32 spelarar i singelturneringa og 30 i skytekonkurransen. Yngste deltakar var 17, eldste 70. Singelturnering vil seia at ein spelar ein mot ein, med tre kuler kvar.

- Petanque er eit kulespel frå Frankrike, og vert ofte blanda med boccia. Her er det stålkuler på grus som gjeld, og ikkje desse farga plastikk-kulene mange har på hytta. Ein kamp er over når ein spelar når 13 poeng. Skulle ein spelar tapa 13-0 vert han nøydd til å kyssa ei kvinnerumpe.

- Stord Petanqueklubb si er laga i tre, og Vidar Hope var den einaste som gjekk på eit så sviande nederlag i akkurat denne turneringa, fortel Arild Skjæveland, ein av dei aktive både på banen og i klubben.

I utgangspunktet er det einaste du treng for å spela kuler og ein grusbane, og det er ein utandørssport - men den lokale klubben er ein av tre klubbar i landet som har moglegheit for innandørsspeling i kalde vintermånader, då dei spelar i ridehallen på Tyse på søndagar og onsdagar. Det var også her turneringa vart arrangert.

Dei 32 spelarane var inndelt i fire grupper, der gruppe D tidleg utpeika seg som dødens gruppe. Fleire av førehandsfavorittane rauk ut tidleg, og B-sluttspelet hadde vel så store navn som A-sluttspelet då det braka i gong. Tarjei Haga hadde investert tusenvis av kroner på nye kuler før turneringa, og hadde etter kvart stor flyt i spelet sitt. Både i semifinalen mot ringreven Gunnar Litlebø, kor han hamna bakpå med 7-2 men snudde til 8-13, og i finalen der han låg under 8-4 og til slutt vann 13-8.

Sverre Sørensen stilte i hallen for første gong, og fekk med seg ein fin siger i B-sluttspelet - noe som viser at det slett ikkje er for seint å melda seg på og ta ein tur for å prøva seg! I skytekonkurransen vann Magnus Losnegård finalen mot Arild Skjæveland.